Velkomen til garden Bråte 

Ein stad natur og sinn møtes

Heila på Bråte er ein besøks- og velferdsgard. Bøndene Margrethe og Tore eig og driftar garden med sin familie.

Heila på Bråte er ein stad for meistring, gleda og sinnsro.


Mennesker har ein instinktiv tiltrekning til liv og alle levande systemer - Edward O. Wilsons

Det å ha et nærare forhold til naturen har ein direkte samanheng med det å være lukkeleg - McMahan & Estes 2015


Gards- og naturfritidsordning

Ønskjer du å gje bornet ditt høve til ein annleis aktivitetsdag?

Gards og naturfritidsordninga er eit fritidstilbod for born frå 1.-7. klasse som ynskjer ein aktiv og lærerik ettermiddag i trygge omgjevnader på garden. GFO opnar kl. 13:30 og er open til kl. 17:00, kor kjernetida er frå 14:30-16:30. Aktivitetane er varierte og noko er sesongbasert. På garden har me hest, hund, høner og kaniner. Me lar oss inspirera av sesongane og fantasien til kva aktivitetar me tek fatt på.


Våre tilbod

Kurs og workshops

Eg (Margrethe) kombinerer mi utdanning og 20 års erfaring innan fysisk og psykisk helsearbeid med eigenerfaring i bruk av natur og dyr si innverknad på vår mentale helsa.

Sjekk ut lenka for meir informasjon eller ta kontakt for ein uforpliktande prat. 

Om oss - Heila på Bråte

Garden Bråte er ein familiedreven gard med storslagen utsikt og eit stadig skiftande landskap i takt med været.

Våre tilbod byggjer på biofilihypotesen, som tek utgangspunkt i at mennesket vert trekt mot naturen og dyra. Dette opplever mange gjev sinnsro. Eg (Margrethe) kombinerer mi utdanning og 20 års erfaring innan fysisk og psykisk helsearbeid med eigenerfaring i bruk av natur og dyr si innverknad på vår mentale helsa.

Ute på garden vår går 2 kaldblodstravar og 2 shetlandsponniar, og i løpet av våren kjem jærhønsene og trønderkaninene ut. Ei tispe av rasen norsk svart elghund går og på tunet. Dette er ein fristad, langt nok vekke frå tjas og mas. Ein stad der me kan trekkja pusten, hovudet får klarna, og sjela fred og ro til revitalisering og nytenking.

Alle tilboda vil knytta seg opp imot garden, dyra og naturen i ei eller anna form.

Naturen

I møte med naturen kan stresshormonane minka. Når hjernen vår får næring i form av mindre stressrelaterte tilstandar, er det også enklare å ta fatt på det som er med på å skapa uhåndterbart stress i kvardagen. 


  • Terapi og vegleeiing
  • Gardsfritidsordning
  • Mentalisering og sjølvutvikling
  • Kurs tilpassa dykkar behov

Ta kontakt med oss