Folk og dyr

Margrethe er mamma til ein og bonusmamma til tre. Ho er utdanna vernepleiar, med vidareutdanning i vegleiing innan gestaltterapi ved VID og i dyre- og hesteassisterte intervensjonar ved NMBU. Ho har òg kurs i TERMA og RESIMA, der fokuset er å ivareta tryggleiken til både personale og klientar eller pasientar ved utagerande åtferd. Erfaringane hennar ligg særleg innan rus og psykiatri, der utagerande åtferd og bruk av tvang var ein sentral del av dei daglege vurderingane.
Margrethe såg òg at det var behov for meir kunnskap om kva kjensler har å seie for reaksjonane våre, og har derfor starta på utdanning i emosjonsfokusert terapi ved IPR i Bergen.
Vidare har Margrethe vore instruktør i livreddande fyrstehjelp, DHLR og HLR. Ho har halde ei rekkje kurs, mellom anna innan miljøterapi, mentalisering, rapportering, tvang, kommunikasjon (med hovudvekt på empatisk kommunikasjon) og åtferdsforståing i kontekst.
Margrethe tilbyr kurs der deltakarane vekslar mellom å vere lyttande og å vere aktivt deltakande. Denne tilnærminga tek ho òg med seg inn i møta med menneske i terapi og vegleiing.
På garden møter ein òg mannen til Margrethe, Tore.
Tore er pappa til fira. Han er ein aktiv del av den daglege drifta og eig garden Bråte saman med Margrethe. Tore er utdanna industrimekanikar, og arbeider offshore som vedlikehaldsleiar i Equinor. Han har også vore brann- og redningsleiar i 10 år på forrige plattform før han vart vedlikehaldsleiar. Ein av hans sterkaste sider er at han er løysingsorientert og når han får utvikla nye idear og arbeida aktivt på garden er han i sitt ess. Heime på garden har han hovudansvaret for skogsdrifta, sagbruket og vedlikehald av bygningar og maskinpark, medan Margrethe har hovudansvaret for den daglege drifta og dyra. Tore bidreg også med sin kompetanse og erfaring i drifta av Heila på Bråte.

Kaldblodstravaren
Alle hestane me har på garden er glad i kos og stell, men Lustra Eir er kanskje den mest kosete hesten på garden. Ho dilter gjerne rett bak oss inne på utegangen og dytter forsiktig borti med mulen sin for å be om merksemd. Den andre me har heiter Tilde Ø.K.. Ho stiller seg gjerne i vegen for oss når me skal gjera reint, for at me skal måtta sjå ho og gjerne klø litt på ho. Begge er av rasen Norsk Kaldblodstravar. Ein hardfør, allsidig og sterk hesterase som stammar frå den norske dølahesten.
Her på garden vert hesten nytta til beiting, landskapspleie, ulike treningsformer og terapi. Hestane skal og nyttast til kløvjing. Hestane er rolege, trygge, samstundes tydelege i sitt kroppsspråk. Dei fungerer som gode medspelarar i møte med born og vaksne med sitt trygge og tydelege kroppsspråk.

Shetlandsponnien
Her møter du Mairosa og Penny. Penny kjøpte me frå nokon på Lofthus, og Mairosa kom ifrå VossaPonni. Dei er ein av verdas minste hesterasar, og dermed ein ponni. Rasen stammar ifrå Shetland, men er spredt til heile verda. Alle fargar er tillatt, også flekkete, men dei fleste er raude, brune eller svarte. Shetlandsponnien er hardfør, treng liten plass og er billig å fôra. Den har eit roleg temperament og er ein barnevenleg hest.
Det er anbefalt å ha to eller fleire shetlandsdponniar for at dei skal ha størst trivnad. Har ein ikkje anledning til dette, så kan ein ha ein annan hesterase eller andre dyreartar som kyr, slik at den har selskap.

Trønderkaniner
Me har tre kaniner av rasen trønderkanin. Dette er ein kritisk sjelden kaninrase. Dei vert middels store, med idealvekt på 4 kg. Trønderkanin har tett og glansfull svart pels med kvite stikkelhår. Lynnet deira skal vera ein miks mellom sta, termperamentsfull og samstundes vert dei særs kjelne om ein nyttar tida med dei.
Me opplever dei som tydelege i kroppsspråket og svært nysgjerrige på alt og alle.
Rasen er i Noreg reikna som ein nasjonal rase, og er sterkt trua. Det er berre rundt 80 individ att i Trøndelag og på Nordmøre, med spreidde dyr i resten av landet (Kilde NIBIO 2024).

Dverg jærhøns
Dverg jærhønsene er ein kvikk rase lik den eldre store varianten. Den har fått ein eigenskap ein sjeldan finn hjå den store, det er fleire som ruger og dei er noko rolegare av type. Dverg jærhøns passar utmerka for hobbyhønsehald. Dei er livlege og vert lett fortrulege.
Jærhøns er flygedyktige, noko me har fått erfara. Dei bur idag i ein hesteboks. Her har me opplevd at dei flyg titt og ofte over innredninga og finn andre stader i stallen å leggja egg, før dei flyg innatt i boksen. Dei gøymde då egga andre stader ved å laga eit rede og dekka dei med høy.
Dverg jærhøna er også ei god rugehøne, og passar kyllingane sine godt. Dvergvarianten er avla fram blant Norsk Rasefjærfeforbunds oppdrettere, og har utelukkande blitt halde for hobbyformål.Fargevariantane for denne fylgjer de same som for den store. Hittil er ikkje den nye gråstripa avla fram hjå dvergvarianten.

Norsk elghund sort
På garden har me også hund. Ho heiter Kira og er av rasen Norsk Elghund Sort. Hunderasen er avla for bandhund-jakt på elg og hjort, og evna til samarbeid med førar er høgt verdsatte eigenskaper. Svarthunden er fyrst og fremst ein overværshund, men bruker alle sine sansar under jakt. Den skal førhalde seg roleg og taus i kontakt med vilt slik at førar kan tilnærma seg uoppdaga. Rasens gemytt er særs godt og svarthunden er å ansjå som gode familiehundar. Dei knyttar seg sterkt til familien sin.
Den svarte elghunden er glad i mosjon og er lett å halda i form. Jamlege turar i skog og mark heilt frå kvalpestadiet legg grunnlaget for ein fin tur- og jaktkamerat. Rasen vert nytta som bandhund på storviltjakt, men har også gode eigenskaper som ettersøkshund.
Garden Bråte

Gardsbruket ligg vakkert til i Indre Hardanger med utsikt over Eidfjorden. Me ønskjer at garden kan vera eit pusterom og ein stad for personleg utvikling og meistring for folk i alle aldrar. Me tilbyr terapi og vegleiing til deg som kjenner at du står fast, er utbrent eller har falle utanfor arbeidslivet. Då treng ein å dela tankar og utfordringar med målet om å finna ein veg vidare som gjev livsmeistring og livsgleda. Me har som mål å kombinera jordbruk med meistringsaktivitetar som gjev meining og gleda for små og store. Dyra og naturen er vår samarbeidspartnarar i møte med deg som kjem.
Garden er i dagleg drift med store maskiner og dyr i røyrsle, og har av tryggleiksårsaker faste opningstider og avtalar.