Gards- og naturfritidsordning

GFO

Ønskjer du å gje bornet ditt høve til ein annleis aktivitetsdag?

Gards og naturfritidsordninga er eit fritidstilbod for born frå 1.-7. klasse som ynskjer ein aktiv og lærerik ettermiddag i trygge omgjevnader på garden. GFO opnar kl. 13:30 og er åpen til kl. 17:00, kor kjernetida er frå 14:30-16:30. Aktivitetane er varierte og noko er sesongbasert. På garden har me hest, hund, høner og kaniner. Me lar oss inspirera av sesongane og fantasien til kva aktivitetar me tek fatt på. 

Me hadde eit pilotprosjekt med GFO no i vår, med gode tilbakemeldingar. Me vel derfor å halda fram med dette tilbodet, og har no starta opp med fast torsdagar hausten 2026. GFO føl skulekalendaren. Me har plass til 8 born 1 dag i veka. Ved stor nok interessa satsar me på to dagar i veka. Målet er å utvikla eit stabilt og bærekraftig tilbod. Me er opptekne av tett oppfylgjing og ønskjer eit godt og oversiktleg miljø. 

Gjennom varierte aktivitetar, leik, samarbeid og praktiske oppgåver vert det lagt til rette for at borna skal oppleva meistring, trivsel, ansvarskjensle og gleda. Gardsfritidsordninga skal vere ein arena der born kan utvikle sosial kompetanse, lære om natur og landbruk og få ein meiningsfull kvardag etter skuletid.

Borna er med og lagar til eit enkelt og næringsrikt lunsjmåltid medan dei er her.

*Pris per mnd for ein dag i veka er 1600,- inkl mat og drikka

*Pris per mnd for to dagar i veka er 2900,- inkl mat og drikka

Prisen inkluderer mat og alt av tryggleiksutstyret og tett oppfylgjing av bornet med 1 vaksen per 4.born. 

Per i dag har me ikkje ei eiga transportordning. Det går rutebuss frå Eidfjord kl. 13:18 og kl. 14:22. Attende til Eidfjord går det buss kl.16:38. Me møter borna på busshaldeplassen og føl borna attende til busshaldeplassen når dei tek buss. 

Ved henting, skal foreldre, eller andre som foreldra på førehand har godkjent skriftleg, henta borna på garden. Den som hentar bornet må alltid melde ifrå til den ansvarlege vaksne på GFO-ordninga før de reiser med bornet.

Me ynskjer å nytta spond appen som sikkert kommunikasjonsverktøy mellom GFO og foreldra. 

Meld di interesse med å senda inn skjema under med antal born og alder på bornet(borna) og di e-postadresse. (Eksempel: 1 born, 8 år, epost@mail.no).

*Prisen tek utgangspunkt i ein standard månad med 4 veker. Eks. 1600,- pr. mnd / 400,- pr. dag ved påmelding til 1 dag i veka i mnd. Fakturaen vert justert etter faktisk tal på dagar den aktuelle månaden. Ved færre dagar pga. påske eller andre feriar vert det eit fråtrekk på 400,- per dag. Månader med 5 aktuelle dagar vert fakturert med eit tillegg på 400,-.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon og ein uforpliktande prat om det er noko du lurer på.