Open Gard




Open gard sundag 06.09.2026 – læring og oppleving for born, unge og vaksne
Me gler oss til å testa ut konseptet "0pen gard". Konseptet vil nok vera i utvikling etterkvart som me gjer oss meir erfaringar og ein del av aktivitetane vil vera sesongbaserte i høve til gardsdrifta. Me håpar på skapa ein innhaldsrik dag for born, unge og vaksne.
Fyrste dag med open gard vert sundag 06.09.2026. Inngangspris er satt til 75 kroner for vaksne og 50 kroner for born, born frå det året dei fyller 2 år og nedover går gratis.
Open gard har åpningstider frå kl 11 - 15.
I anledning open gard lagar me og til bruktbutikk - her kan du mellom anna finne hesteutstyr. Den vil vera open heile tida.
Det vil vera nokon aktivitetar som har faste tider og nokon aktivitetar som er mogleg å gjera under heile opninga.
*Aktivitetar som er ope heile tida:
- hesteskokasting
- test balansen din med stylter
- test balansen din på sal på ei tønne
- pil og boge skyting
- lassokasting
- pilkasting
- aktivitetskroken
- m.m.
*Aktivitetar som er til faste tider:
Introduksjon til hestekommunikasjon og stell av hestane kl.: 11:00-11:45
**Hesteridning kl.: 12:00-13:30 50kr (OBS! Avgreinsa antal hestebillettar)
Fôring av trønderkaniner kl.: 14:15
Fôring av jærhøns kl.: 14:15
**Luftgeværskyting kl.: 14 - 15 Ein skyting er inkludert i prisen, dernest er det 50kroner per pers.
* Sal av mat og drikka
Det vert enkel kafe servering med anledning til å kjøpa noko godt å bita i og varm og kald drikka.
Gjennom dagen vert det høve til å helsa på husdyra som er på garden. På garden kan ein få helsa på Norsk kaldblodstravar, shetlandsponni, trønderkaniner, dverg jærhøns og norsk elghund sort.
Open gard passar for familiar og alle som ynskjer ein lærerik og triveleg dag.
*Med attehald om noko endring i program og aktivitetar
** Sjå eigne prisar.
