Gards og naturfritidsleir

Me storkoste oss med leiren i veke 33, så dette har gjeve meirsmak. Me siktar oss inn på ny leir i vinterferien, og lar då sjølvsagt vinteren vera med å avgjera kva aktivitetar me har. 

Aktivitetane vil vera tilpassa borna sitt nivå og variera utifrå kor mange born me har. Me planlegg aktivitetane utifrå kva vær det er og kva sesong me er i. Det er kun fantasien som avgreinsar oss.  

Hesteaktiviteter: Borna lærer å verta trygg med hest. Hesten sitt språk, trygg handtering av hest, kor dei får ein introduksjon til ridning og/eller køyring. På Bråte gard, anser me det som viktigast at borna lærer korleis dei skal ivareta, respektera og forstå hesten.

Gards- og turmat: Borna får læra om matkultur frå Hardanger ved å laga maten og drikka sjølv. Me tek utgangspunkt i sesongvarer. Me vil laga spennande bål og turmat. Dei vil få stella med jærhøner og trønderkaniner. 

Skog- og naturforvaltning: Borna lærer om den lokale faunaen, får testa luftgeværskyting, sporing med hund, vera med å skapa noko til aktivitetsløypa i skogen, finna etande vekster og bær i skog og natur alt etter sesong. Me tek fantasien i bruk.

Borna vart delt inn i passande grupper slik at alle skal få delta på alle aktivitetane dei tre dagane. Leiren er på dagtid frå kl. 09-15. 

 I tillegg har me tryggleiksutstyr der det trengs. Dei får tett oppfølgjing med 1 voksen per 4. born.

*Alle barn er hjertelig velkomne hjå oss! Me har god vaksendekning (1 vaksen per 4 born), så barna vil få tett oppfølging gjennom dagen. Sidan me skal mellom anna ha aktivitetar som hest og skyting, er me avhengige av høgt fokus på tryggleik. Barna må derfor i utgangspunktet meistre dobesøk, påkledning og det å fungera fint i gruppe på eiga hand.

Har bornet ditt behov for kontinuerleg 1-til-1-oppfølging eller ekstra støtte utover det gruppa gir, er bornet hjarteleg velkomen saman med ein eigen ledsagar. På denne måten tryggjar me at alle får ein fantastisk og trygg oppleving hjå oss!

Transport:

Flott om foreldre køyrer eller henter ein av dagane, slik at me får helsa på dykk. Ellers er det råd for borna å ta bussen til og frå leiren. Ved bruk av buss, må dette meldes frå om på førehand. Me møter dei på busshaldeplassen ved ankomst og føl dei gjerne til bussen etter endt leirdag. 

Det går buss frå Eidfjord sentrum til Bu kl.: 08:23

Og attende frå Bu til Eidfjord sentrum går bussen kl.: 15:33

Kontakt oss gjerne for meir informasjon!

Me gler oss og ser fram til supre dagar ilag! 

Send oss gjerne inn kontaktskjemaet under viss du er interessert i å få oppdateringar på nye leirtilbod og andre tilbod vedrørande born!