Gards- og naturbasert ideologi
Vår ideologi og våre tilbod byggjer på biofilihypotesen; tanken om at menneske søkjer mot å vera i kontakt med naturen, det grøne landskap og vasskjelder. Det å koma seg ut i naturen har vist seg gjev ei positiv helsegevinst, kor kontakten med naturen og landskap gjev "næring" til hjernen ved å redusera stressrelaterte tilstander i amygdala (mandelkjernen) som behandlar emosjonar. Emosjonar som stadig er med å styrer våre val og korleis me møter medmennesker, utfordringar og vår kvardag. I dagens samfunn bærer me heile den digitale verda i lomma på godt og vondt, der påverkarar enten det er politiske aktørar, digitale aktørar eller influensarar dagleg verker inn på korleis me føreheld oss til mellom anna politikken, arbeidet, borna, og kor nøgd me er med våre livsval.
Terapi er kjent som ei strukturert form for behandling. Likevel er det slik at naturen kan ha ein terapeutisk effekt og lindring på kropp og sinn utan at den treng å vera strukturert. Kontakten med naturen i seg sjølv har ein terapeutisk effekt. Denne effekten ynskjer me å kombinera med samtaleformer som kan auka livsmeistring.
På Heila på Bråte ynskjer me å skapa ein stad, der ein legg ifrå seg det digitale og tek del i det livet som er rundt oss her og no. Me tenkjer at dei digitale stemmene kan for alle til tider opplevast som støy som reduserer evna vår til å fanga opp det som er viktig for oss. Me oppmodar derfor alle våre besøkande til å leggja att telefonen i sekken, bilen eller heima. Fyrst då tenkjer me at du vil ha ditt beste utgangspunkt for å kunna vera tilstades i ditt liv og kjenna på krafta av å vera ein del av naturen, roen og relasjonane rundt deg og ta dei beste vala for deg.

Hesten
"There is something about the outside of a horse that is good for the inside of a man."
~ Winston Churchill.
Hesten sitt flokkinstinkt, tilstadeværen i notid, med sitt ikkje dømmande nærvær og med eit ynskje om kontakt med oss, gjer den til ein unik medspelar, med godt potensiale til å vera ein god terapeut. Den speglar oss, og den er tydeleg i sine signaler på kva den kjenner på i møte med oss. Hesten sin storleik er nok også med på å gje oss ei litt meir kraftfull oppleving i møtet. Hesten sin kraftfulle og stødige tilstadeværen, samstundes som den er tydeleg i sine kroppsignal.
Hesten dømmer ikkje, den responderer på oss mennesker frå augneblink til augneblink. Den baserer

Naturen
"Jeg går til naturen for å bli beroliget og helbredet, og for å få sansene mine i orden."
– John Burroughs
Me har mykje forsking idag på at kontakt med naturen har ei helbredande kraft på mennesket sitt sinn.
"Naturen er vår store, uutnyttede ressurs for en mentalt sunn fremtid." – Mental Health Foundation
Saman med Margrethe, tek ein steget ut i naturen, skogen, og landskapet og går ilag og lar tankar og emosjonar få den plassen dei treng. Margrethe nyttar ulike samtaleteknikkar tilpassa møtet, sinnstemninga og den enkelte sine behov. I samtalen vektlegges respekten for klienten si.

Garden og fellesskapet
«Man staver ikke fellesskap, man føler det.» – Inspirert av Ole Brumm
Naturen, fellesskapet, meistringskjensla og gardskulturen. Det er noko med fellesskapet og meistringskjensla over å ha vore med på å skapa noko. Enten det er mat, få frø til å spira og planter til å gro, få dyr til trivas eller bygningar til å reisa seg. Og alt skjer vekselvis, nettopp fordi livet på ein gard er så variert.
«Livet på en gård er en skole i tålmodighet.» – Farmer's Weekly SA
Det er ein maskinpark som skal og må takast vare på, det er fleire bygningar som skal vedlikehaldast og så kjem jorda som skal gjerast klar for våren, og veden som skal kløyvast og skogen som skal forvaltast. Midt oppi dette er det også den daglege drifta med dyr og ivaretaking av gardskultur og tradisjonar. Moglegheitene er mange i møte med gardskulturen og gardslivet. Gardane er idag kanskje dei aller viktigaste naturforvaltarane. Det medfører også eit stort ansvar for å gje kunnskapen vidare til samfunnet og ivareta dei ressursane som er.
«Å arbeide med familien gjør det du gjør verdt det, da du lærer barna ansvar og livets betydning.» – John Devos