Kurs og workshop


Margrethe tilbyr ulike kurs og workshop innan felta:

Kurs i hestekommunikasjon

Kurs i hestekommunikasjon gjev ei djupare forståing av hestar. Gjennom praktiske øvingar og teori lærer deltakerane å lesa kroppsspråk, signaler og energi, slik at samspelet med hesten vert tryggare, rolegare og meir harmonisk.

Fokuset ligg på tillitsbygging, tydelegheit og respekt. Kurset passar for alle som ynskjer å styrkja relasjonen til hesten, enten du er ny i møte med hest eller har erfaring med hest frå før. Målet er å forbetra handtering frå bakken og få meir avslappa og samarbeidsvillige hestar i kvardagen.

Typiske temaer inkluderer:

  • Forståing av hestens naturlege åtferd og behov
  • Tolking av kroppsspråk, mimikk og små signaler
  • Roleg og tydeleg kommunikasjon frå bakken
  • Bygging av tillit, tryggleik og gjensidig respekt
  • Korleis førebyggja misforståingar og uønska åtferd

Eit kurs i hestekommunikasjon gjev eit godt grunnlag for vidare trening og ridning, og skapar eit betre partnerskap mellom hest og menneske.


Grunnleggjande kurs i å forstå emosjonane sin funksjon

Emosjonar fortel kva som er viktig, kva som trengst, og kvar grensene går. Eit grunnleggjande kurs i å forstå emosjonane sin funksjon gjev innsikt i korleis kjensler oppstår, kvifor dei kjennest sterke, og korleis dei kan nyttast som kompass i kvardagen.

I kurset vert det arbeidd med sentrale emosjonar som glede, iver, sinne, frykt, skam, avsky og sorg. Deltakarane lærer å kjenna att kroppssignal, tankemønster og handlingsimpulsar som føl med kvar emosjon, og korleis desse kan regulerast på ein trygg og konstruktiv måte.

Gjennom enkle øvingar, refleksjon og praktiske døme vert det lagt vekt på å styrkje emosjonell medvit, sjølvomsorg og kommunikasjon. Målet er å gjere emosjonar mindre skrømande og meir forståelege, slik at dei kan nyttast til betre relasjonar, klare val og auka psykisk helse.

Kurset passar for alle som ynskjer ei trygg innføring i emosjonar, anten det er for eiga utvikling, i møte med born og ungdom, eller som støtte i profesjonell samhandling.

Skreddersydde kurs og workshop

Margrethe leverer skreddarsydde kurs for ulike bransjar og nivå, og har som mål å styrkje både fagleg kompetanse og mellommenneskeleg forståing i arbeidskvardagen.

Nokre av temaene Margrethe kan tilby:

  • Frå friksjon til flyt: Slik kan de snu konflikt til vekst
  • Effektiv kommunikasjon i krevjande situasjonar
  • Relasjonell leiing – slik byggjer du psykologisk tryggleik i teamet
  • Kursa kan skreddarsyast og eignar seg for verksemder som ønskjer å utvikle eit meir trygt, respektfullt og løysingsorientert arbeidsmiljø.  Både tilsette og leiarar får verktøy til å handtere krevjande situasjonar på ein trygg og etisk forsvarleg måte.

    Me inkluderer gjerne matservering i våre kurspakkar.