Forsking

Her kan du finna artiklar og forsking rundt effekten av kontakt med dyr og natur.

Berre tre minutt med dyra gjorde tenåringar i betre humør

Tenåringane lærte om kroppsspråket til hesten og kva typiske teikn hesten viste når det var noko han likte eller ikkje. Ungdommane fekk også i oppgåva å sjå kva form for kos hesten likte best.

Dei av ungdommane som opplevde at hesten viste teikn på at han likte kosen, gav uttrykk for auka trivnad, og det interessante var at dei som opplevde at hesten gjekk vekk frå dei også gav uttrykk for auka trivnad. Det å oppleva ekte møter med hesten, kor hesten fekk vera med å ta aktive valg rundt mengde kontakt, viste seg å gje ein generell positiv auke i trivnaden hjå ungdommane.

https://ung.forskning.no/dyreverden-psykologi/bare-tre-minutter-med-disse-dyra-gjorde-tenaringer-i-bedre-humor/2711223?fbclid=IwY2xjawUc_RNwZG9mBWV4dG4DYWVtAjEwAGJyaWQRMEZlNXM5b3g4RGNYMmlkNk5zcnRjBmFwcF9pZBAyMjIwMzkxNzg4MjAwODkyAAEeBXA5H0NQUIcbJJG1cWxCDnSxOYiE6Fmsvff6xshit6sEquT3abDfIyUb1m8_aem_1xDWLlPgSJ4JmD44ih7Ofw