Heila på Bråte

Heila på Bråte er firmanamnet vårt. Namnet er inspirert av filosofien vår om å sjå heile menneske. 

Heila betyr

Namnet Heila kjem av det norrøne ordet å hela heile mennesket. 

Mennesket sine lidingar og utfordringar kan ikkje forstås som ei isolert hending eller liding. Skal me få til ei varig endring må endringa sjåast i samspel mellom livet som me menneske lever i samspel med miljøet me er i og relasjonane rundt oss. Gjennom utdanninga som vernepleiar vart eg (Margrethe) inspirert av det holistiske synet på mennesket, eit syn som gav gjenklang hjå meg og mine verdiar. Eit verdisett som eg deler med min mann Tore.   



Balanse

Vårt fokus er å bidra til at menneske kan finna indre ro og balanse gjennom kontakt med naturen og dyra på garden.

For å få dette til treng me å visa omsyn til kvarandre. Både folk og dyr har behov for gode og tydelege grenser i møte med kvarandre. Meininga med besøket på garden er at du skal vera tilstades i møte med naturen, dyra og situasjonane som oppstår. 

Me oppmodar difor om at mobilar vert parkert i sekk eller bil. Ynskjer de å ta bilete under besøket på garden, skal dette avklarast på førehand med Margrethe eller Tore. Sørg også for at bileta kun inkluderer personar som har godkjent at dei vert teke bilete av. Alle besøkande og buande skal oppleva at deira privatliv vert ivareteke ved besøk.

Garden er òg heimen vår og har si daglege drift. Me har mellom anna dyrehald, jordbruk og skogbruk. Både maskinpark og dyr er i dagleg røyrsle. 

For å ivareta tryggleiken og privat livet til alle, har me eigne dagar og tider kor me tek imot besøkande. Utanom dei faste oppsatte opningstidene ber me derfor om at alle besøk vert avtalt på førehand. 

Garden vår

Gardsbruket ligg vakkert til i Indre Hardanger med utsikt mot Oksen, Eidfjorden og Osafjorden. Me ynskjer at garden kan vera eit pusterom og ein stad for personleg utvikling og meistring for folk i alle aldrar.  Me tilbyr terapi og vegleiing til deg som kjenner at du står fast, er utbrent eller har falle utanfor arbeidslivet.  Då treng ein å dela tankar og utfordringar med målet om å finna ein veg vidare som gjev livsmeistring og livsgleda. Me har som mål å kombinera jordbruk med meistringsaktivitetar som gjev meining og gleda for små og store.  Dyra og naturen er vår samarbeidspartnarar  i møte med deg som kjem.

Garden er i dagleg drift med store maskiner og dyr i røyrsle, og har av tryggleiksårsaker faste opningstider og kun besøk etter avtale.